Hopp til innholdet

Grønnere investeringer: Noregs Ungdomslag lanserer nytt verktøy for organisasjonseigde kulturhus

Gjennom tilskotsordninga «Grønnere investeringer» har Noregs Ungdomslag (NU) fått tilskot til å utvikle verktøy som skal gje eigarar av organisasjonseigde kulturhushus betre oversikt over tilstand og behov for vedlikehald av husa.


Bilde: Pr. 1.4.2024 hadde Huset i Bygda registrert 5444 kulturhus i Norge. Utklipp fra oversikten

 

 

Eit verktøy for grønare val

Målsettinga er at verktøyet skal gjere eigarane av husa i stand til å ta gode og grøne val knytt til vedlikehald og investeringar. Det er viktig at verktøyet er lett å bruke og relatere seg til for huseigar.

Har de eit hus som treng kartlegging?

Huset i Bygda inviterer organisasjonseigde kulturhus til å gjennomført ei kartlegging – ta kontakt med christoffer@ungdomslag.no for meir info. Ut frå henvendelsane vil det veljast ut 10 hus for å teste ut verktøyet for kartlegging av utviklingsbehov.

Om Huset i Bygda

  • Huset i Bygda er NU sitt prosjekt for å aktivere, ta vare på og utvikle organisasjonseigde kulturhus i Norge.
  • Ein viktig del av Huset i Bygda (HiB) er å kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg, slik at desse kan samlast i ein eigen husbase, samt å løfte fram og synleggjere desse kulturbygga som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar.
  • Kartlegginga viser at det er over 5 000 organisasjonseigde kulturhus i Noreg. Dei aller fleste av desse husa er eigd av lag og organisasjonar utan tilsette, der drifta er tufta på frivillig innsats. Majoriteten av husa er bygd i perioden 1880-1960 og det er behov for å utvikle og modernisere husa slik at dei framleis kan fungere som gode lokale møteplassar.
  • Huseigarar står òg i krysspress, der brukarane stiller større krav til bygg og fasilitetar, samstundes som offentlege styresmakter stiller større krav til drifta og eigarane. Større fokus på sirkulærøkonomi og berekraftige løysingar stiller òg større krav til huseigarar.
  • Det er difor naudsynt å utvikle eit kartleggings- og rettleiingsverktøy som tek utgangspunkt i kvart enkelt hus.

Grøne investeringar og sirkulærøkonomi

Skjemaet skal munne ut i ein lettfatteleg rapport for det enkelte kulturhuset. Rapporten skal gi oversyn over dagens bruk og eventuell verneverdi. Den skal og gi informasjon om utfordringar knytt til tilpassing og utvikling av aktivitetar. Bygningsmessige utfordringar knytt til dømes akustikk, klimatiltak og universell utforming er og noko som kjem til å vere ein del av rapporten.

Ikkje minst skal rapporten synleggjere behovet for berekraftig materialbruk og sirkulærøkonomi.

Heve kunnskapsgrunnlaget

Huset i Bygda har òg ambisjon om at kartleggingsverktøyet skal medverke til å systematisere kunnskap og heve kunnskapsgrunnlaget nasjonalt knytt til organisasjonseigde kulturhus i Norge.

 

ROM FOR KULTUR – Kulturarenakonferansen 2024

Christoffer kjem til Kulturarenakonferansen 9 & 10. september for å presentera arbeidet med verktøyet.

 

Målet med tiltakene som får midler fra Grønnere investeringer er å gi inspirasjon og læring for mange. Deling av kunnskap, modeller og rapporter i etterkant vil være sentralt. Kulturrom ser fram til å dele kartleggingsverktøyet og erfaringene fra arbeidet med flere etter Huset i Bygda er har gjennomført prosjektet og kartlagt de ti første husa.

Les mer om tilskuddsområdet Grønnere investeringer