I samband med gjenopningsfasen mottek Kulturrom midlar frå Kulturdepartementet for å gi starthjelp til landets mange scenar og øvingslokale. Ordninga vart lyst ut 23. september med kort søknadsfrist. Me er difor imponert over søknadsmengden, som tydeleg viser at ordninga har truffe behov i bransjen. Grunna kritiske behov i bransjen har midlane, og prosessen rundt utlysing, handsaming og tildeling, fått prioritet og raskt gjennomført på under to månadar.
Søknadsmengden, totalt 184 søknadar fordelt på to søknadsfristar, og dei gjennomgåande behova på tvers av geografi og type aktør, vitnar om stor iver til å komma i gong etter lang periode med restriksjonar – og om kritiske behov for å starta på “den nye normalen”. Ut frå dei innsendte søknadar ser me tre gjennomgåande behov i bransjen: tilgong på teknisk personell, vedlikehald og utskifting av utstyr etter stillestand, og fasilitetar for å få i gong aktivitetar og optimisme i miljøet igjen.
Kompetanseflukt
Det som tydeleg står fram som akutt og kritisk behov i bransjen, er tilgongen på teknisk personell. Kompetanseflukt blant lyd- og lysteknikarar, og særleg innafor sjølvstendige aktørar, som er en sentral del av aktørars ordinære arrangementsdrift, stoppar mange for å komma i gong med sine faste program igjen. Her har Restart-midlene bidratt til å ta initiativ til å både rekruttere og lære opp nye talent på feltet. Fleire av tiltaka vart satt i gong umiddelbart etter tildeling av midlar.
Nye måter å oppleve kultur
Pandemien har tvunge feltet til nytenking og eksperimentering, og me har sett mange gode initiativ for å insistere på kulturell aktivitet på nye måtar. Dette har ført til nye måtar å vise kunst på, som fleire aktørar ynskjer å fortsetja med. Restart-midlene har difor bidratt til å vidareføre nye måtar å oppleve kultur på.
Svikt i teknisk utstyr
Sjølv om pandemien har invitert til eksperimentering, har dette ikkje vore muleg eller tilgjengeleg for alle. Pandemien har difor også ført til stillestand hjå ei rekke aktørar, som har opplevd svikt i teknisk utstyr. Med midlar frå Restart får desse aktørane no gjort ei overhaling på utstyret, og utført nødvendig vedlikehald og utskifting.
Sosiale møtestader
Behovet for sosiale møtestader har også vore gjennomgongstema blant Restart-søknadane. Initiativtakarar har sett uheldig utvikling i isolering og tilbaketrekking, og har fått midlar til å ta i bruk lokaler som skal motivere til å komma saman i eit skapande fellesskap etter ein tung periode. Me ser fram til å følgja dei ulike lokale initiativa som no har fått hjelp til å rusta opp sine kulturrom.
Synlige behov på alle nivå
I søknadsbunken finn me eit spekter av søkjarar – alt frå små frivillige initiativ via etablerte frivillige foreningar til større aktørar. Behov for å komma i gong igjen er synleg på alle nivå, om enten det gjeld konkret utstyr som har stått for lenge ubrukt, nytt giv til eit miljø som har blitt svekka etter lang periode utan aktivitet, eller kompetansehevande tiltak for å byggja opp bransjen etter kompetanseflukt under pandemien.
Ordningen har nått ut bredt
Det er også gledeleg at Kulturrom med denne ordninga har nådd ut til nye aktørar; 56 av søkjarane til Restart har aldri før søkt Kulturrom tidlegare. Dette viser at midlar for å få til ein overgong til “den nye normalen” er sårt tiltrengt hjå aktørar over eit breidt spekter, som ikkje finn tilgong på liknande starthjelp andre stader. Pandemien har endra kulturfeltet, både korleis me presenterer musikk, dans og teater – og kva som trengs for å skapa gode konsert- og forestillingsopplevingar for publikum.
Geografisk spredning
Søkjarar er godt spredt over heile landet. Restart har gitt tilskot til aktørar frå Kristiansand og Risør i sør, til Bergen og Ålesund i vest, Oslo og Fredrikstad i aust og til Vadsø, Nyksund og Alta i nord.
Då behovet har vore gjeldande i alle deler av landet, og på tvers av storleik og aktivitetsnivå, har ein imøtekome desse utan særleige geografiske prioriteringar. Utvalet har likevel sett behov som særleg er gjeldande i distriktene, som til dømes tilgang på teknisk utstyr og kompetanse. Me såg at aktørar i Troms og Finnmark har hatt store utfordringar etter at en av regionens største teknikkleverandør har nedskalert kraftig og gjort tilgong på utstyr og teknisk personale vanskeleg frå store delar av fylket. Her har utvalet prioritert tiltak for å bygge opp att nødvendig infrastruktur innafor teknisk kompetanse.
Søknader utenfor ordningens formål
Utvalet skulle gjerne sett at søkjarar i større grad hadde sett seg inn i ordninga, så ein i større grad kunne imøtekomma formålet og formulert seg heretter. Særleg var behov knytta til framtidige restriksjonar gjennomgåande blant tiltak som ikkje fekk tilskot. Restart skal i høgaste grad gi betre opplevingar for utøvar og publikum – basert på erfaringar gjort seg under pandemien. Me skulle gjerne sett fleire døme på eksperimentering under pandemien, som ein vil vidareutvikle også etterpå. Dei som ikkje traff formålet med utlysninga av Restart-midlene blei henvist til neste hovudsøknadsfrist som er 1. mars.
Nokre gode eksempler
Behov for teknisk kompetanse har vore gjennomgåande i søknadsbunka. Her har Restart gitt midlar til kompetansehevande initiativ over heile landet, som både skal oppfriske kompetansen til tidlegare personell, og rekruttere nye på grunn av kompetanseflukt under pandemien. For eksempel skal Cornerteatret i Bergen vera vertskap for eit tretrinns teknisk lyd- og lyskurs, som i tillegg til å lære opp eigen lærling, også skal vera ope for andre, som kan nytte heile byen. I Finnmark har bransjen opplevd at en av regionens største teknikkleverandør har skalert voldsomt ned. Her har blant andre Vadsø Jazzklubb fått midlar til å lære opp eige personell.
Flere aktører har også opplevd svikt i utstyr etter å ha stått i stillestand i halvanna år. Det skjedde blant anna hjå The Villa i Oslo, som opplevde at lydanlegget, som normalt står på året rundt og køyrer jevnt, kollapsa då det ble skrudd på igjen før gjenopninga.
M12 demostudio i Bergen er eit oppløftande døme på erfaringar under covid som faktisk kan innovere og styrke feltet. Her har ein sett korleis naudløysingar under nedlukkinga har ført til etableringa av eit demostudio der ein kan utvikle og øve lysdesign med simulerte scener i staden for fysiske.
Nokre søkarar har gjort seg erfaringar med nye konsertformat i løpet av pandemien, som dei ynskjer å vidareutvikle. For eksempel har Jacobkirken i Oslo fått bidrag til grunnleggande infrastruktur for ny intimscene i krypten, og USF Verftet i Bergen til å opna mulegheiten for alternative konsertformat dei har erfart seg under pandemien.