Hopp til innholdet

Lyse idéer frå Teknikk i Balanse

For to år sidan vart Linda Johnsen med på programmet Teknikk i Balanse, og vart utplassert på Øyafestivalen. I år var ho ansvarleg for lys på den samme scenen. Me har teke ein prat med ho om programmet, erfaringa hennar til no og ei lys framtid i vente.

Hovedbilde: Linda saman med ein av årets Teknikk i Balanse-praktikantar, Amalie Dale.  Foto: Johannes Andersen

Frå pratikant til ansvarleg

Eg var litt nervøs for korleis det skulle gå føre festivalen, då dette er den fyrste festivalen eg har fått nokon form for ansvar aleine for lys på eiga scene, seier Linda. 

Ho har fått ansvaret for lyset på Hagen-scena på årets Øyafestival. Her spelar blant anna Nia Archives, Kristi Brud, Rosa Faenskap og Yaya Bey.

– Det har også vært betryggende å vete at eg har hatt gode kollegaer på de andre scenene rundt som eg har kunnet spørre om det skulle varte behov for det. Det var nok for meg ein liten eldprøve å skulle stå såpass på eigne bein, men eg kjenn sjølv at det gjekk kjempegreitt og at det har vært ein god bekrefting på at eg faktisk veit kva eg driv med!

Tekniker på Øyafestivalen

Her er Linda i praksis på Øyafestivalen i 2022. Foto: Kulturrom

 

Om eg ikkje hadde hatt den praksisen for to år siden hadde eg nok ikkje jobba med dette her no.

Linda seier at Teknikk i Balanse har vore alfa og omega for hennar karriere.

Om eg ikkje hadde hatt den praksisen for to år siden hadde eg nok ikkje jobba med dette her no.

Det har vore det ho beskriv som ei spennende og bratt kurve, frå å vere i praksis i 2022, til å vere aleine om lystekniken i år. I tillegg hadde ho ein praksiselev frå Teknikk i Balanse på besøk, den same plassen ho tidlegare hadde.

Eg forsøkte å la henne kjenne på følelsen av å være teknikker og ikke bare praktikant, sånn at hun fikk mest mulig hands om trening, seier ho, eg forsøkte å sette ho i arbeid som eg ville med ein kva for ein som helst anna tekniker. 

– Og så prøvde eg å gje litt opplæring og tips og triks undervegs om kvifor me gjer ting slik som me gjer. Ho hadde jo ein del erfaring frå før av, frå same huset som meg!

Linda fekk etter si praksis på Teknikk i Balanse det ho beskriv som «ein fot inn døra». Ho fekk tak i kontaktinformasjon til avdelingsleiar for lys hos Creative Technologies (CT), for å høyre om vidare moglegheiter. Der fekk Linda nokon små oppdrag og røynde å bli teken under vengen til teknikarane hos CT.

Eg kunne jo noko lysteknikk frå før av, men det å finne døra inn i bransjen hadde eg ikkje fått til utan denne praksisen. 

Linda (t.v) satt i panel under årets Fagsamling for tekniske ansvarlege. Der diskuterte dei korleis det står til på scenane. Foto: Kulturrom

Læremeister

Linda seier at det ikkje var openbart at ho skulle ha ein lærling med seg i år. Sjølv om ho har jobba med teknikk ei stund, seier ho at det alltid er mykje man ikkje kan eller kjenn seg trygg på.

Vegen blir til når me går, og ved å skulle ha en praktikant så har eg i større grad akseptert at eg faktisk er varte ein god teknikar. Det er jo lett å tenkje at sidan eg har så kort fartstid i bransjen, så kan eg ikkje nok, eller så er eg ikkje god nok, seier ho. 

– Eg ser nokon gonger framleis på meg sjølv som ein glorifisert lærling. Men læringskurva i bransjen er bratt, og ved å lære bort og ha ein ansvarsrolle så har eg i større grad innsett kva for ein kompetanse eg faktisk sit på, og kor mykje eg faktisk kan!

Framtida er ikkje heilt planlagd ennå for Linda, men ho går Scenteknikk-studiet på Fagskolen i Oslo for å fylle på kompetansen der det trengs. Ei fast stilling i eit utleiefirma er noko ho kan se for seg at kan hjelpe utviklinga. Ho ønskjer seg varierte oppgåver og høgt tempo imellom prosjekta.

– Det einaste eg veit sikkert er at eg ikkje har nokon planar om å forlate denne bransjen og dette feltet med det fyrste, avsluttar ho.