– Eg var litt nervøs for korleis det skulle gå føre festivalen, då dette er den fyrste festivalen eg har fått nokon form for ansvar aleine for lys på eiga scene, seier Linda.
Ho har fått ansvaret for lyset på Hagen-scena på årets Øyafestival. Her spelar blant anna Nia Archives, Kristi Brud, Rosa Faenskap og Yaya Bey.
– Det har også vært betryggende å vete at eg har hatt gode kollegaer på de andre scenene rundt som eg har kunnet spørre om det skulle varte behov for det. Det var nok for meg ein liten eldprøve å skulle stå såpass på eigne bein, men eg kjenn sjølv at det gjekk kjempegreitt og at det har vært ein god bekrefting på at eg faktisk veit kva eg driv med!
Her er Linda i praksis på Øyafestivalen i 2022. Foto: Kulturrom